Søker KATTUNGE - HUNNKATT
Søker KATTUNGE - HUNNKATT
Hei! Me vil veldig gjerne gje ein kattunge – hokatt – ein evig heim og innvie ho i vår lille familie.♥️
Etter mykje fram og tilbake, har me landa på at me ynskjer ein kattunge. Gjerne «eventyrblanding».
Me vil fortelje deg litt om oss, bakgrunnshistorien til at me ynskjer oss ein kattunge og koss heim ho vil få hjå oss; slik at du er trygg på at ho vil få det bra:
For kort tid sidan passa bror min katten vår heime hjå han. Sundagen braut det ut brann medan bror min var på kaffebesøk, og huset hans (som var særs gammelt) stod i løpet av kort tid i full brann. Katten vår låg fredfullt inne i stova og sov, og sovna i følgje brannvesenet stille inn i løpet av nokre få innpust av gass og giftig røyk.
Dette har gjort sorga litt lettare å bære; men sorga og savnet har likevel vore særs stort, og me kjenner savnet etter eit firbent familiemedlem.
Me bur eit lærarpar som bur på Inderøya i Innherred, kvar me eig hus på landet med flott natur og uteområde ho skal få utfalde seg i. Her i vår heim vil me gje katten båe ubegrensa med kjærleik, leik og mykje kos.
Når ho er gamal nok, kjem me til å sterilisere ho, chippe ho og tatovere ho. Årlege vaksiner og anna hjå dyrlegen vil bli fulgt opp.
Me har familiehytte ved idylliske Snåsavatnet, og der har me planar om å ta med katten på utallige hytteturer om seinvåren og på sumaren.
Kan hente i heile Trøndelag.
Det var litt om oss. Håpar å høyre frå deg. Helsing Ingrid og Aslak
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!