Skipskatt- gut som snart fyller 2 år
Skipskatt- gut som snart fyller 2 år
Hei! Eg heiter Mio 🐾 Eg er ein kjekk skipskatt-gut som fyller 2 år i desember. Eg er ein litt forsiktig type når eg møter nye menneske, så eg treng litt tid til å bli trygg. Men når eg først kjenner at eg kan stole på deg, er eg ein veldig kjærleg og tillitsfull katt som gjerne vil vere nær. Ein litt morsom ting med meg er at eg kan byrja å sikla når eg får ekstra mykje kos – det betyr berre at eg har det skikkeleg godt! Eg likar både å vere ute og inne. Det beste eg veit er å kunne utforske ute når eg har lyst, og så kome inn att til ein varm og trygg plass. Du trur kanskje ikkje på det, men eg har faktisk ingenting imot å bli bada! Så lenge du pakkar meg godt inn i eit handkle etterpå og gir meg litt ekstra kos, er eg nøgd. No håpar eg å finne ein roleg, trygg og kjærleg heim med nokon som har litt tolmod medan eg blir kjend med dei. Eg lovar at når eg først føler meg heime, får du ein trufast og god ven for mange år framover. Kanskje det er nettopp hos deg eg høyrer heime? 🧡 Annen informasjon: Du kan få med:KattedoLitt kattemat som eg er vane medEit stort og eit lite kattestativLeikerLite burSele med kort og langt band Send ein melding til nummeret**** for raskare svar✨ Ikkje ver redd for å ta kontakt eller stille spørsmål!
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!