Kattunger
Kattunger
Småpusane er blitt 12 veker og søkjer ny heim. Det er 3 hokatter.2 er Tri Color/Kaliko katter med fargane kvit, raud og svart.1 er hovudsaklig grå, raud og pittelitt kvitspetta. (Den raude broren på bildet er reservert). DEN GRÅ ER RESERVERT!! Dei har vore innekatter med 3 søsken til no og bur i hus med stadig mykje folk. Vant med å bli løfta opp og dulla med. Dei elskar kos på magen og maler høgt. Likar å sove på fanget eller inntil. Dei heng på der det skjer noko, om det er å hjelpe til å bytte vaskemaskin, oppvaskmaskin eller å sitte på golvet å lure på kva godt kjøkkenmaskina lagar. Vant med støvsugarrobot. Støvsuger er litt meir skummelt foreløpig.. Dei er husreine på dokasse, er øvd på å komme om en rister på «godteposen». Sidan mor er ivrig musefanger, har ho fått Milbemax ormekur regelmessig, men kattungane har ikkje fått no. Ser ingen tegn på at mor er infisert, men evt. ormekur, vaksiner, chip, kastrering må *****r ordne når alder på pusane er riktig. Gjevast vekk til ny heim med omsorgsfulle og dyreglad person/familie frå idag, fredag 30/10-2026 🐈 Må hentast i Hornindal. Kan evt. bringe til Grodås, evt. Volda komande mandag.
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!