Kattunge vurderes solgt
Supersøt kattunge vurderes solgt.Ho er født 05.juni og ho er ein energisk og kosete pus. Ho er vokal og snakker ofte når ho leiker med diverse ting. Ho liker å slappe av på fanget og sover gjerne med deg i senga om ho får lov. Bartepusen har silkemjuk pels og ein litt spesiell farge. Ho er sølvfarga under det svarte. Sølvstriper i halen også. Dette er ein farge som ein kan sjå i rasekatter som feks maine coon og norsk skogskatt. Det er mulig at ho er blanding av ein av desse rasene. Pappakatten er veldig stor. Ho har fått ormekurer. Bartepusi er veldig kosete og leiken, eg trur ho hadde hatt det best i ein heim med ein kattevenn som vil leike med ho. (Evt ein hund?) Tåler å bli bært og herja med, klorer ikkje.Hopper høgt, trikser i lufta og kan sitte på to bein og tigge som ein hund om du har nokke godt. Ho er vant med barn.Er stuerein, bruker kattedo med luke. Mestrer også katteluke. Me har også mammapusen og etter ho blei sterilisert har ho lagt sitt hat på kattungen. Det er så ille at mora ikkje vil vere inne lenger. Kattungen trekker seg berre vekk når mora blir sint, men det fungerer ikkje i lengden. Ønsker ikkje at den voksne katten skal måtte bu ute i vinter, det er derfor me vurderer at ungen må flytte. Div leiker og utstyr kan følge med.Send meg gjerne ein melding om korleis ho ville fått det hjå deg 🐈
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!