Vi vurderer omplassering av maltipoo
Det er med tungt hjarte vi søker ny heim for hunden vår Rio på to år. Rio er ein lærevillig, kosete og snill hund. 🐾🐶 Rio er ein Maltipoo (F1), som er blanding av malteser og toypuddel. Han er 7 kilo, chippet og vaksinert. Han bur med familien sin mor, far, ein gut på 16 og ei jente på 13. Han - går fint i band- kan innkalling, sitt, ligg, bli, hente, mellom, gi labb- elsker å leike med ball eller søke etter godteri- er stoverein Rio har vore engstelig heilt sidan han var liten. Han tar medisiner fordi han er engstelig og har seperasjonsangst. Sjølv om vi har gått kurs og øvd mykje på å vere aleine, greier han ikkje å verealeine meir enn nokre få minutt. Dessverre har vi eit arbeidsliv og ein kvardag som ikkje går opp med å ha ein hund som ikkje kan vere aleine. Det er derfor vi med tungt hjarte søker ein ny heim hos nokon som kan ta godt vare på han. KRAV TIL NY HEIM Vi stiller klare krav til ny heim for Rio. Vi har knytt oss sterkt til han og vil vere sikre på at han kjem til ein heim som passar han. Vi ser etter ein familie, eit par eller ein person som - har god erfaring med hund- har tid og overskot til å gi han nærleik, mental stimulering og turar- er godt førebudd på ansvaret som følger med å ha ein engstelig hund med seperasjonsangst - vil ha hund som eit fullverdig medlem av familien - har stabile og trygge rammer som kan tilby Rio ein roleg og føreseieleg heim- har forståing for at ein ung hund treng trening, grenser og vidare utvikling - kan gi han ein heim han får bli resten av t Det er ein stor fordel om de bur i ein mindre by, ein tettstad eller på bygda. Rio er for engsteleg til å gå tur i tette bymiljø eller store folkemengder. Rio likar å helse på andre hundar, men kan vere litt forsiktig og trekke seg tilbake. Nokre hundar er han skeptisk til, ofte større hundar. Han er ikkje vand med små barn, så det treng han øving på. Han treng fortsatt øving både på heimesbesøk og på å reise på besøk, men dette har vi øvd ein del på og han greier seg bra. SLIK VIL VI HA PROSESSEN Vi ønsker at interesserte sender oss informasjon om seg sjølv, familiesituasjon, bustad, arbeidssituasjon og tidlegare erfaring med hund. Skriv også kva de kan tilby Rio i ny heim. Vi vil kontakte aktuelle kandidatar for å kartlegge at Rio får rett heim. Vi ønskjer å bli kjent med dykk for å vere trygge på dette. Har du referanse er det ein fordel. Vi ønskjer å møte ny eigar før ev. overtaking og vil seie nei til overtaking om vi ikkje kjenner at det er rett. Vi tar eit omplasseringsgebyr på 5000 kroner. Det følger med utstyr som sele, bånd, tekken, bur, seng og diverse leikar. Rio er ein hund det er lett å bli glad i. Han passer heile tida på flokken sin, er sosial, leiken og kosete. Vi ønsker å finne ein ny familie som kan elske han like høgt som vi gjer. Om ny eigar bur i Sogn og fjordane kan vi vurdere å vere hundepassarar eller avlastingsheim om det er ønskeleg for nye eigarar.
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!