Valpar av labradorblanding
Blandingsvalpar av labrador/dvergschnauzer og labrador kom til verden 13. august 2026. Det kom 3 tisper og 3 hannhunder, alle friske og runde ❤️Under står det beskrive ein del om mor og far. Dersom dette høyres ut som ein hund for deg ta kontakt her på **** eller på Mobilnummer:**** Valpane blir levera med ormekur, vaksine og chip. Valpane blir også levera med litt fôr og eit teppe med kjent lukt frå mor.Leveringsklare rundt 10. oktober ☀️ 2 hannhunder ledig :) Kvifor velje denne kombinasjonen?Labradoren er verdskjent for sitt opne, venlege og samarbeidsvillige vesen. Dei er fantastiske familiehundar, lærenemme og elskar å vere med på alt som skjer. Dvergschnauzeren bidreg med sin sunne robusthet, intelligens og ein vaken, sporty personlegheit. Fordelen med blandingshundar:Blandingshundar har ofte eit sterkare immunforsvar, er genetisk sunnare og har lågare risiko for rasetypiske arvesjukdommar. Her får du ein robust og frisk bruks- og familiehund som er skapt for eit langt og aktivt liv. Om foreldra og forventa storleik: Mor: 75% labrador og 25% dvergschnauzer. Ho er ei lita, frisk og utruleg snill tispe med eit fantastisk lynne.Far: Reinrasa labrador, også han av den mindre storleiken, med eit godt og stabilt temperament. Svært lærevillig og glad hund. Sidan begge foreldra er relativt små av vekst, forventar me at valpane vil ende opp omtrent som ein jaktlabrador (ca. 20–25 kg). Perfekt for deg som vil ha ein fullverdig labrador i eit litt meir kompakt format! Kva følgjer med valpen?Valpane blir levert godt sosialiserte med små barn, fleire vaksne og andre dyr. Dei vil ha fått ormkurar før ny eigar overtar. Reservasjon og *****Total*****: 18.000krDepositum: 5 000 kr.Merk: Depositumet blir trekt frå den totale *****summen når du hentar valpen, men det blir ikkje refundert dersom du skulle angre deg. Er du/dykk dei rette for ein av valpane våre?Me ynskjer at valpane skal kome til trygge og aktive heimar der dei får bli ein fullverdig del av familien. Me gler oss til å høyre frå dykk! Annonsa blir oppdatera etterkvart som valpane veks. Søkeord: valper labrador blanding valp blandingsrase blanding rase
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!