Valencia – liten kropp, stor personligheit selges til riktig heim
Valencia – liten kropp, stor personligheit selges til riktig heim
Valencia er ei tispe med mykje sjarm og personlegdom, som gir mykje glede i kvardagen, og søkjer eit trygt og varig heim. Dette er ikkje eit lett val, og det er viktig for meg at ho kjem til nokon som forstår rasen og kan gi henne ein god og stabil kvardag. Valencia er født 29.07.2024 (snart 2 år) og har fargen blue merle (svart & tan merle). Ho ***** frå privat oppdrett i Sverige og har ikkje stamtavle. Ho er fullvaksinert, har pass, er registrert i DyreID og har vore forsikra sidan ho var 8 veker. Ho er ei framoverlent og sosial tispe med mykje personlegdom. Valencia er trygg i seg sjølv, glad i folk og trivst godt både inne og ute. Ho er ein veldig morsom dachs som ofte finn på dei raraste *****, og gir mykje glede i kvardagen. Ho elskar leik, spesielt ball, og kan halde på lenge – så her treng ho litt regulering for å ikkje bli for oppjaga. Valencia er også veldig glad i vatn og elskar å bade, spesielt på sommaren – gjerne med pinne eller ball. Ho elskar å bruke nasen, er glad i å snuse og trivst godt med aktivitet som inneber søk og graving. Ho kan vere litt sensitiv for høge lydar og mykje bråk, og vil derfor trivast best i eit roleg og stabilt heimemiljø. På tur går ho fint i flexiband eller langline, men i kort band kan ho vere litt uoppdragen og treng vidare oppfølging. Ho kan også bjeffe i møte med andre hundar. Dette kjem av at ho vart skremt av ein større hund som liten, og ho kan derfor vere skeptisk i slike situasjonar. Dersom ny eigar har hund frå før, må dette tilpassast roleg og gradvis. Valencia er svært glad i folk og elskar å sleike og vise nærheit – ho er ein skikkeleg kosehund. Valencia er rensleg, men har hatt enkelte uhell ved endring i rutinar, til dømes ved ferie. Ho klarer seg fint åleine i fleire timar, men må tilvennast på ny plass. Ho er glad i barn og har møtt baby og barn frå ca. 8 år og oppover på ein fin måte. Mindre barn har ho ikkje hatt så mykje erfaring med. Ho likar godt stell som dusj og føning, og har ingen problem med kloklipp så lenge det er litt godbitar involvert Ho er vane med å sove i senga saman med eigar, og trivst godt med nær kontakt. Ho er vane med eit roleg heimemiljø og trivst best hos nokon som kan gi henne struktur, tryggleik og aktivisering i kvardagen. Ho et per i dag Bellfor (lam/and) og vom. Følgjer med: – Sele og band– Dekken og potesokkar– Matskåler– Seng / teppe– 4kg bellfor og 1 kg vom kjøttbolla– Leiker og anna tilbehør Held til i Sarpsborg, men kan eventuelt møtast etter avtale☺️ Eg ønskjer kontakt med seriøse henvendelsar som kan tilby ein stabil og god heim. Dette er ikkje først til mølla – rett heim er viktigast.🥰
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!