Sosial og kjærleg mini Cobberdog-gut på 8 månader søkjer rett heim ❤️
Sosial og kjærleg mini Cobberdog-gut på 8 månader søkjer rett heim ❤️
Det er med tungt hjarte at vi vurderer å finne ein ny heim til fine Atlas, ein mini Cobberdog-gut på 8 månader. Atlas er ein utruleg sosial, kjærleg og kontaktsøkjande hund med mykje godt i seg. Han er glad i kos og nærleik, trivst godt saman med menneske og har mange flotte eigenskapar. Dette er ikkje ei enkel avgjerd for oss, og vi ønskjer først og fremst å finne den heimen som vil vere best for Atlas på sikt. Litt om Atlas: ❤️Mini Cobberdog med KennelNor-stamtavle og avlssperre.❤️Veg ca. 12 kg.❤️Vaksinert og chippa.❤️Ingen kjende allergiar eller helseproblem.❤️Kan vere åleine gjennom ein arbeidsdag utan problem.❤️Søv heile natta åleine på eit avgrensa område.❤️Blei tidleg husrein og har aldri hatt uhell inne.❤️Pelsstell og børsting har gått fint heime når det skjer roleg og med belønning.❤️Lærer godt og responderer veldig fint på belønningsbasert trening. Det er med tungt hjarte vi ser etter ein ny heim til fine Atlas, ein mini Cobberdog-gut på 8 månader. Atlas er ein særs sosial, kjærleg og kontaktsøkande hund med eit godt gemytt. Han elskar nærleik og kos, og trivst godt saman med menneska sine. Han har mange fine eigenskapar, og i det daglege fungerer han godt i dei aller fleste situasjonar. Atlas er framleis veldig ung og i utvikling, og han responderer veldig godt på belønningsbasert trening. Vi har stor tru på at han kan utvikle seg positivt med rett rettleiing, forståing og oppfølging. Litt om utfordringane våre: Vi ønskjer å vere opne om bakgrunnen for at vi vurderer omplassering.Atlas har hatt nokre få episodar over dei siste månadene der han har reagert med knurring og snapping når nokon prøver å flytte han fysisk medan han kviler, eller i enkelte tilfelle når ein prøver å flytte han vekk frå mat han ønskjer å få tak i. Episodane har vore knytte til bestemte situasjonar og har stort sett oppstått når han er sliten, særleg på kveldstid. Dette er ikkje ei åtferd som pregar kvardagen hans generelt. Vi opplever at situasjonane i stor grad kan førebyggjast ved å gi han ro når han kviler og unngå å flytte han fysisk når han er sliten. Atlas har aldri vist denne åtferda mot barn. Vi har heller ikkje opplevd aggressiv åtferd mot andre dyr eller menneske utanom dei konkrete situasjonane som er skildra her. Det er viktig for oss å presisere at Atlas ikkje generelt vaktar mat, leiker, menneske eller liggeplassar. Han toler vanlegvis fysisk handtering fint elles, og i dei fleste kvardagssituasjonar kan vi handtere ting og byte med han utan problem. I dei aktuelle situasjonane har han likevel varsla gjennom knurring og snapping på ein måte vi opplever som uhensiktsmessig. Snappinga har så langt vore utan kraft i bittet og ikkje ført til sår eller merke. Sjølv om episodane har vore få og situasjonsbundne, tek vi dei på alvor og ønskjer å vere heilt ærlege om dei overfor ein eventuell ny heim. Kvifor vurderer vi omplassering? Vi er ein småbarnsfamilie, og for oss er det avgjerande at kvardagen er trygg og føreseieleg for både barna og hunden. Sjølv om Atlas aldri har vist denne åtferda mot barna, kan vi ikkje forvente at barn skal lese og forstå hundespråk på same måte som vaksne. Vi ønskjer derfor å vere føre var og handle medan Atlas framleis er ung og har gode føresetnader for å lære og utvikle seg vidare. Vi håpar at dette kan vere ei kneik han kjem seg gjennom med rett rettleiing og trening. Den gode responsen hans på belønningsbasert trening gir oss tru på at han har gode moglegheiter for positiv utvikling. Samtidig må vi erkjenne at vi som småbarnsfamilie ikkje har dei rette føresetnadene for å gi han den målretta oppfølginga vi meiner han treng. Hadde vi ikkje hatt små barn rundt oss, ville omplassering ikkje vore eit alternativ for oss. Dette handlar ikkje om at vi har mista trua på Atlas eller ikkje er glade i han. Tvert imot ønskjer vi å ta ansvar tidlig og finne ein heim der han får dei beste føresetnadene for å trivast og utvikle seg vidare. Kven håpar vi å finne? Vi ønskjer å kome i kontakt med ein person eller familie som har god tid, gjerne erfaring med hund, og som ønskjer å hjelpe ein ung hund vidare med tolmod, tryggleik og belønningsbasert trening. Vi trur Atlas vil passe best i ein rolegare kvardag utan små barn, hos nokon som kan gi han ro når han kviler, forstå signala hans og arbeide vidare med dei situasjonane som er vanskelege for han. Atlas er ein hund vi er veldig glade i. Vi håpar å finne nokon som ser den sosiale, gode og kjærlege hunden han er, og som har tid og overskot til å hjelpe han vidare.Ta gjerne kontakt og fortel litt om deg sjølv, erfaringa di med hund og kva slags kvardag du kan tilby Atlas. ❤️Pris kan diskuteres. Men vi ønsker kun seriøse henvendelsar. Kontaktinformasjon :****/****
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!