Portugisisk vannhundvalper selges
Portugisisk vannhundvalper født 11. juli 2026. Kvalpane er etter Saga (Isostar's Susannah) og Elmer (Isostar's Dripping Dagger)Leveringsklare i september 2026. To tisper ledig. Dette er Tyra og Nova. Vi bur på ein fjellgard i nærleiken av Dale i Sunnfjord, der kvalpane får ein trygg og variert start på t.Kvalpane vil bli godt sosialiserte frå første stund. Dei veks opp i huset saman med familien vår, der dei blir vane med daglegdagse lydar, barn, og ulike miljø. Når vêret tillet det, vil dei òg få utforske uteområdet på garden. ForeldredyraBegge foreldra er helsetesta i tråd med Norsk Portugisisk Vannhundklubb og NKK sine anbefalingar. DNA-testar for raserelevante sjukdomar er gjennomførte.Begge er HD-røntga med godkjent resultat.Begge er øyelyste utan funn. Saga – Isostar's Susannah:Saga er ei 5 år gammal tispe med eit roleg og stabilt gemytt. Ho er lydig, lettlært, glad i familien sin og trivst godt på tur. Ho har fått trening i kvardagslydighet og litt utstilling, og har oppnådd gode kritikkar på utstilling. Elmer – Isostar's Dripping Dagger:Elmer er ein 3 år gammal hannhund som bur på Hamar. Han er ein trygg, sosial og tillitsfull hund som blir brukt som besøkshund. Han har delteke på fleire utstillingar med svært gode resultat og er både norsk og svensk champion. Kvalpane blir levert med:• Registrering i NKK med stamtavle og kennelnamnet Sagalita's• ID-chip• Første vaksine• Helseattest frå veterinær• Ormekur etter gjeldande anbefalingar• Kvalpepakke Om rasenPortugisisk vannhund er ein aktiv, intelligent og familievennleg rase som ikkje røyter. Pelsen krev jamleg stell og klipp gjennom heile t. Både Saga og Elmer har bølgete pels, og vi vil starte tilvenning til pelsstell allereie medan kvalpane er hos oss. Pris og reserveringPrisen for ein kvalp er kr 25 000. Vi ønskjer seriøse og ansvarsfulle *****arar som kan tilby ein trygg og varig heim. Dersom du er interessert, er du velkomen til å ta kontakt.
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!