Landseer kvalpar - leveringsklar
NKK-registrerte Landseer kvalpar – fødd 29.04.2026 🐾Vi har 7 flotte Landseer-gutar som søker sine framtidige familiar🤍Kvalpane veks opp midt i familiet saman med våre fire barn og blir godt vane med kvardagslydar, menneske og mykje kos. Dei møter også ulike dyr som kattar, høner, ender, kaninar og geiter – noko som gir dei ein trygg og god start på t.Foreldre:Mor:Ahyoka-Arthemis vom Baslerland (“Luna”)Reg.nr: MET.LAND223/22HD: C | ED: 0Luna er ei roleg, balansert og svært kjærleg tispe med flott temperament. Ho er sosial med både menneske og dyr og har bestått SOR (vannarbeid). På utstilling har ho fått vurderingane Excellent og Very Good.Far:Rävkullens Kummin (“Batman”)Reg.nr: DK18936/2020 | SE51415/2020HD: A | ED: 0Batman har fleire flotte resultat frå utstilling og fleire titlar innan nosework. Han er kjend for stabilt temperament og godt lynne.✅ NKK-registrerte med stamtavle✅ Veks opp i heimemiljø med barn og andre dyr✅ Ormekur, veterinærkontroll, vaksine og chip før levering.Kvalpane er no 8 veker gamle og utviklar eigne personlegheiter kvar dag. 🤍 Praktisk informasjon Vi forstår at sommaren kan vere travel med ferieplanar og reiser. Dersom leveringstidspunktet kolliderer med ferie eller andre planar, kan vi etter avtale vere fleksible med henting og gjerne ha kvalpen hos oss litt lenger. For familiar som kjem langvegsfrå, tilbyr vi også moglegheit for overnatting hos oss. Vi har både campingplass og overnattingstilbod på eigedomen, slik at de kan bruke god tid på å bli kjent med kvalpen og omgjevnadene. For *****arar som bur langt unna, prøver vi også å vere fleksible med levering. Etter nærmare avtale kan vi vere behjelpelege med å møtast på delar av reisa dersom det gjer henting enklare. Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål – vi finn som regel ei løysing 😊🐾 Send gjerne melding ved interesse eller om du ønskjer meir informasjon 😊For fleire bilde og oppdateringar frå kvalpane kan du gjerne følge oss på Instagram:@landseerfradengamleskulen 🐾🤍
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!