Koseglad jente søker ny heim
Koseglad jente søker sin nye person 🐾❤️ Vi ser etter ein ny og varig heim til ei herleg og koseglad jente, fødd 16.09.2025Ho er blanding av Chinese Crested Powder Puff og Bichon Frisé. Ho er ei jente med mykje personlegheit og energi. ❤️ Ho elskar kos, nærleik og merksemd, og søker mykje tryggleik hos personen sin. Når ho føler seg trygg, er ho ei veldig god og kjærleg venn som gjerne vil vere nær deg. Til tross for alderen er ho framleis aktiv og full av energi, og vi ønsker derfor å finne nokon som har meir tid til turar, aktivitet og trening enn det ho får i dag. Ho er også svært matmotivert – godbitar er definitivt vegen til hjartet hennar 😄 Dette gjer henne også lett å motivere i trening. Med tid, tolmod og litt konsekvent trening trur vi ho har mykje potensial. Ho har nokre ting ein ny eigar må vere førebudd på å jobbe med. Ho kan blant anna bjeffe ein del når det kjem folk, og ho treng tydelege, trygge rammer og vidare liker hu ikke så mye herjing av barn, hu liker å leke men kan fort gi beskjed at det nok. Hu kjeme fra en heim med barn nå mem ser at hu fort blir sjalu derfor ønsker vi vaksne som har erfaring med hund og respekt for grensene hennar. Vi trur ho kan passe veldig godt hos nokon som ønsker seg ein nær og koseglad følgesvenn, og som samtidig har tid og overskot til å gi henne aktiviteten og oppfølginga ho treng. Dette handlar først og fremst om å finne den rette personen og den rette heimen for henne. ❤️ Det hastar ikkje – ein god match er det viktigaste. Ved interesse, send gjerne ei melding og fortel litt om deg/dykk, korleis du bur, eventuell erfaring med hund og kva slags kvardag du kan tilby henne. 🐾 Berre seriøse henvendelser
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!