Jakt springer spaniel
Jakt springer spaniel
Det er med veldig tungt hjerte vi har komt fram til at vi ønska å finne ein ny, trygg og varig heim til Phoebe pga. endra familiesituasjon. Phoebe er ein jakt springer spaniel tispe på 5 år. Ho er rolig inne og er vand med katt og barn. Ute er ho veldig aktiv, men har aldri stukke av, berre tatt seg ein ``runde`` på høgfjellet om det har vert ryper i nærleiken. Vi er ofte hos foreldra mine der ho alltid går løs, og har aldri forlatt tomtegrensa. Ho elskar å vere med på fjellturar. Vi har hatt ho mykje med på både topptur og langrenn. Ho har eit sterkt jaktinnstinkt, spesiellt på fuglar. Ho likar og å følge spor. Tidlegare har eg trent litt blodspor, men har dessverre ikkje fulgt opp dette i seinare tid. Men eg har hatt ho med på hjortejakt, og det har funka heilt topp. Ellers likar ho å vere med på det meste. Ho er ivrig på fisketurar, og kan stå i timesvis og håpe på å få fisk. Ellers hoppar ho gjerne opp på sup brettet på ein tur. Sidan ho var kvalp, har eg hatt ho med på jobb der ho ligg i ro til eg er ferdig. Men kan óg godt vere heime. Heime elskar ho å bli ``tvangs kosa`` med på fanget (sjå bilde). Ho er ein fantastisk hund med mykje personlighet, men har og nokre utfordringar som må jobbast med. Ved passering av tilfeldige hundar på tur kan ho bli litt ``hysterisk`` og utagerer når ho er i band, spesiellt når eg går med barnevogn. Ho har ein del ressursforsvar mot andre hundar ifht. baby og barnevogn. På trening kan ho derimot vere tilnærma eksemplarisk. Eg har innsett at eg dessverre ikkje har tid eller kapasitet til å gje ho den oppmerksomheten og treninga som ho fortjena med små barn i hus, og det tærar veldig på samvittigheita. Det er med tungt hjerte at vi er nøydd til å sjå etter ein ny eigar som har erfaring og tid til å trene hund med bruk av positiv belønning, som likar å vere aktiv/vere i naturen og som kan gje ho den mentale treninga ho treng. Det er veldig viktig for meg at ho kjem til eit trygt og varige heim. Vi ønska helst at ho blir buande på Vestlandet. Vi ønska gjerne å ha litt kontakt, kunne besøke ho og høyre korleis det går. Gjerne ta kontakt og fortel litt om deg/dokke, kva dokke kan tilby og kvifor Phoebe kan passe hos dokke. Vi svarar helst skriftleg i første omgang. Ser fram til å høyre frå den rette heim <3 Heim er viktigare enn *****.
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!