Havanais/havapoo
Havanais/havapoo
Ei tispe reservert til laurdag. Fire små kvelpar er no klare til å flytte fra Tumletunet.Alt tipp-topp på helsesjekk.Klare for sin eigen familie. Fire fine kvelpar vart født 8 september.Dei kom til verda her heime i stova på Tumletunet, og her veks dei opp saman med andre hunder og ungar i forskjellig alder. Dei får bade, køyre litt bil og deltek i det meste som skjer i eit hus.Dei vert mykje håndterte og godt sosialiserte og er ilag med folk mesteparten av tida. Mor er aprikos, havapoo 50/50, født og oppvaksen her, rundt 4 kg og far er brun havanais på ca 5.5 kg. Farmor og mormor kan du og få helse på. Kvelpane får ormekurx4. Welpan på 2 veker, deretter Milbemax ved 4,6 og 8 veker. Helsesjekk, vaksine og attest frå veterinær er i orden. Det er 4 kvelpar. 💙Hann,brun snute. Mørkebrun med raudt.Minstemann i gjengen, var 600 gr på 8 veker. Øyrene står rett ut, men vil nok legge seg ned etterkvart som dei vert tyngre.💚Hann,svart snute. Tricolor. Bustete og mjuk. Ikkkje store karen han heller....RESERVERT til laurdag❤️Tispe, brun snute. Brunspraglet nydeleg frøken. Litt større enn gutane.🩷Tispe,svart snute. Lys brun med mørkare og lysare felt. Den største i gjengen, men likevel ikkje akkuratt stor.... Alle fire er små i størrelsen og eg vil tru dei vert rundt 4 kg som vaksne.Ved avtale om *****, ynskjer eg kr 3000,- i depositum som ikkje vert betalt attende om *****ar ombestemmer seg. Vi skriv kontrakt ved henting.Kan eventuelt hjelpe til eit stykke på veg om de bur langt vekke, som td Skei eller Lærdal. Er ofte på austlandet i Tønsbergområdet, neste gang 11 des.
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!