Golden retriever kvalpar av jaktlinjer
Golden retriever kvalpar av jaktlinjer
Saga og Kopper venter kvalpar i juli! Kvalpane sine første veker blir på eit roleg kvalperom i huset med mor. Etter kvart som dei blir større har dei tilgang til eit stort inngjerda uteområde der dei kan leike og boltre seg . Kvalpane blir godt sosialiserte og får opphalde seg, kose og leike i stova saman med oss og blir vandt til at det skjer litt av kvart rundt dei. Dei kjem til å bli vandt med barn og vi har også ein katt i huset som dei får helse på. Kvalpane får kloklipp etter behov og bading slik dei blir vandt med dette frå tidleg alder. Vi tar med kvalpane på bilkøyring og venner dei til at bur ikkje er farleg. Kvalpane er leveringsklare når dei er 8 veke gamle. Ved levering vil dei vere : Vaksinert Chippa Ormekur Helseattest Registrert i NKK Mor: Vasskoppen’s SagaFødt: 12.10.26Reg.nr: NO56621/23 Kennelnavn: Vasskoppen, Norge HD:B AD:O Øyelyst: Intet påvist Saga kjem frå eige oppdrett og er ein typisk jaktgolden – noko mørkare i fargen og med lettare kroppsbygning. Ho har eit positivt og energisk vesen. Ho trivst like godt høgt til fjells som ved vatnet – ho elskar å symje. Ho er trygg i trafikken og roleg rundt husdyr i naturen. Lydar frå fyrverkeri og motorsag etc bryr ho seg ikkje om. Sjølv med mykje energi ute, er ho roleg inne, og kosar seg gjerne framfor peisen saman med katten og mora. Ho kjem godt overeins med andre hundar og trivast i sosiale situasjonar. Saga har ikkje blitt brukt i jakt, men er lydhør og likar godt å få kommandoar. Ropar ein ho til seg i skogen kjem ho springande raskt tilbake i håp om å få ein godbit. Ho er til tider med på besøk til ein sjukeheim som besøkshund, noko ho og bebuarane synest er veldig stas. Far: Baustads Bravo Kopper Født: 26.11.21Reg.nr: NO69641/21 Kennelnavn: BaustadHD:B AD:0 Øyelyst: Intet påvist Kopper er ein hanne med eit herleg gemytt. Han er godt premiert og ein skikkeleg flott familie og brukshund. Kopper har eit kull frå snart 3 år sida som er ferdig helsesjekka med god helse. Kopper er godkjent terapihund (brukes på skule), går kl 3 lydigheit, godkjent ferdselstest og dna testa fri for GRMD,GR-PRA1, GR-PRA2, PRA-prcd og CLN5. Ein kan gå inn på Kennel Working Squad for å sjå meir av far til kvalpane. Ved interesse for ***** av kvalp ber vi deg om å skrive om deg/dykk sjølv og kva dykk kan tilby ein kvalp. Før ***** ønsker vi gjerne at *****r kjem på besøk å helser på kvalpane. Ved reservasjon skal det betalast 5000,- som ikkje blir betalt tilbake om ein trekk seg fra *****t. Dette er for å unngå useriøse *****ara, som går utover dei seriøse. Summen trekkast i frå *****summen ved henting av kvalpen. Vi vil etter kvart lage ei gruppe på Instagram der dykk vil få innsikt i oppveksten til kvalpane. Du kan ta kontakt ***** eller sende melding/ringe**** (send gjerne melding først og avtalt tid til evt samtale.)
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!