Finsk lapphund
Vi håpar på små lapphundkvalpar i januar! 🐾 Nydelege Vita er para med vakre Ihme, og dersom alt går som vi ynskjer, venter vi kvalpar rundt 5. januar 2026. Paringa blei gjennomført 3. november, og kvalpane vil då vere leveringsklare ca 2. mars når dei er 8 veker gamle. Dette er ein kombinasjon som er nøye gjennomtenkt, og som vi gler oss veldig til. Vi har fokus på mentalitet og eksteriør, og sjølvsagt helse. Vi har stor tru på denne kombinasjonen som framtidige utstillingshåp og gode familiehunder. Vita er ei kjekk tispe - trygg, hengiven og sosial familiehund. Ho har eit vakkert hovud, bra stopp, god pelskvalitet, godt bygget rundt om, og ho har fått svært gode tilbakemeldingar på utstilling. Vita bur hos ein kjekk familie, på avlsavtale. Mor: Alnopa Ä****: NO54613/20HD: B/B (index 104)Auger: PPM iris (utan tyding, kan brukast mot partnar fri for tilsvarande diagnose)PRA: Testa friPompes: Fri gjennom arvUtstilling: BIR, Cert x2 Ihme er ein glad og aktiv hannhund med futt i - han bur med oss på garden og er vant med litt av kvart. Han har vakre mørke mandelforma auge og ein solid beinstamme. Han har tjukk god pels av god kvalitet, ein, flott kropp og eit gemytt som får alle til å smile. Far: Alnopa ****: NO44684/23HD: C/C (index 93)Auger: Intet påvistPRA: Fri gjennom arvPompes: Fri gjennom arvUtstilling: BIM, Cert x1 Om kullet:Kvalpane vil vekse opp på garden vår, der dei får oppleve både natur, menneske og dyr i trygge omgjevnader. Dei blir godt sosialisert og vande med lydar, handtering, kvardagsliv og bilkøyring før levering. Vi legg stor vekt på helse, gemytt og rasetypisk uttrykk, og ynskjer å finne gode, trygge og aktive heimar til kvar kvalp. Vi ser også etter fôrvert til ein av kvalpane. Vedkommande må bu i Sunnfjord omegn. Er du interessert i kvalp frå denne kombinasjonen, eller ynskjer å følgje kullet vidare, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt! 🐾
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!