Finnsk Lapphund, hannhund snart 8 år søker ny og varig heim
Finnsk Lapphund, hannhund snart 8 år søker ny og varig heim
Det er med tungt hjarte vi ser oss nøydd til å finne ein ny heim til vår kjære Finnske Lapphund. På grunn av endra livssituasjon har vi dessverre ikkje lenger moglegheit til å gi han den kvardagen han fortener. Han er ein 7 år gammal hannhund (fødd mars 2018), snill, lojal og svært menneskekjær. Typisk for rasen er han sosial, roleg inne og glad i å vere ute på tur. Han trivst godt med faste rutinar og ein trygg kvardag. Det er viktig for oss å vere ærlege om både sterke sider og utfordringar:- Han kan bli ivrig når det kjem besøk, og kan då bjeffe og hoppe opp på dei besøkande- Han varslar med bjeffing når nokon kjem til heimen- På tur i band bjeffar han som regel i møte med andre hundar- Han er vand med katt i heimen og har fungert godt med dette- Er vand og trygg med å vere heime åleine gjennom til dømes ein arbeidsdag Utover dette er han ein triveleg familiehund som er vant til daglege turar, men som ikkje krev høgt aktivitetsnivå. Han er roleg inne når rammene er trygge og kjende.Han passar best i ein heim med hundevandte eigarar som har forståing for rasen og som kan gi tydeleg, roleg leiing. Dette er ikkje ei forhasta avgjerd, og rett heim er viktigare enn rask omplassering. Vi ønskjer god dialog med interesserte, og vil prioritere seriøse førespurnader. Ta gjerne kontakt for meir informasjon og ein uforpliktande prat.
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!