Eg snudde meg berre eit sekund – blandingsmynder (Azawakh+Whippet)
Eg snudde meg berre eit sekund – blandingsmynder (Azawakh+Whippet)
Etter 16 år som myndeoppdrettar trudde eg at eg var ferdig med kvalpar. Eg hadde trappa ned hundehaldet, avrunda oppdrett av både Greyhound og Whippet, og var eigentleg ganske nøgd med den avgjerda. Så gjekk eg på ein smell. Ein skikkeleg smell. I vår klarte nemleg Whippet-hannen min å nå opp til Azawakh-tispa mi då ho hadde ei stille løpetid, akkurat medan eg såg ein annan veg. Resultatet vart to kvalpar i sommar. Dette er altså ikkje ein ny, revolusjonerande designarhund som tek det beste frå to verdener. Dette er to heilt vanlege blandingskvalpar – skapte på gamlemåten, gjennom eit augeblinks svikt i menneskeleg dømmekraft, kobinert med imponerande målretta innsats frå ein snart 10 år gamal hannhund som har openbare ambisjonar innan høgdehopp. Foreldra er begge friske, sunne og velpremierte representantar for kvar si rase. Kvalpane er friske, sunne, harmoniske – og etter mi heilt objektive vurdering usedvanleg vakre og mjuke. Til dagleg kallar vi dei Fløyel og Flanell. Dei er klare til å berike nye liv frå veke 34, då vaksinerte, ID-merkte, veterinærkontrollerte og godt grunnsosialiserte. Dei veks opp i fri omgjevnader i Stad saman med barn, vaksne og andre hundar, der dei får vere ein naturleg del av kvardagen – og, om ein skal vere heilt ærleg, stort sett sentrum for all merksemd. No ønskjer eg å finne dei rette heimane til éin hannkvalp og éin tispekvalp. Eg ser gjerne at du har erfaring med hund, helst med myndar, eller i det minste har lese deg litt opp på Azawakh før du tek kontakt. Kvalpane er sannsynlegvis ikkje for nybegynnarar. Azawakh er ei sjeldan og fascinerande rase med eigne mentale og åtferdsmessige særtrekk, og sidan dette er blandingskvalpar er det umogleg å vite nøyaktig kva eigenskapar kvar enkelt vil arve. Eg er heldig og har særs ukompliserte individ sjølv, men det er likevel viktig å forstå rasane og ha realistiske forventningar. Sjølv om kvalpane aldri var planlagt, er ansvaret mitt nøyaktig det same som for alle kvalpar eg har avla fram gjennom dei siste seksten åra. Eg ønskjer difor veldig gjerne å følgje dei vidare gjennom t og eventuelt vere ein ressurs for dei nye eigarane. Det mest overraskande med heile historia er kanskje at sjølv om eg eigentleg hadde bestemt meg for at eg var ferdig med kvalpar, so skulle eg nesten ønskje at eg kunne behalde dei sjølv. Men, sidan det neppe er den beste langsiktige løysinga for meg, håpar eg i staden å finne to fantastiske heimar der desse to små overraskingane kan få lange, gode og innhaldsrike liv. Vi set ***** på spørsmål, og sjølvsagt ønskjer vi besøk!
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!