Cockapoo kvalpar
Dei tre musketerer søker ny heim: to hanner og ei tispe. Oppvekst og sosialiseringKvalpane veks opp midt i stova vår og blir ein naturleg del av kvardagen frå første stund. Dei får godt stell av mora, og mykje kos frå oss i familien. Me legg stor vekt på at kvalpane skal få ein trygg og god start på t🐾 ForeldraMammahunden Eira er ei roleg, trygg og sosial cockapoo-tispe (F1)som lærer raskt og er flink til å følgje kommandoar. Ho går lett på lange fjellturar, men kan òg nøye seg med kortare turar i nærmiljøet. Ho er leiken, kosete, og svært hengiven til familien sin. Eira har hatt eitt kull tidlegare og er ei omsorgsfull og trygg mor 💕 Pappahunden Kopernikus, til dagleg kalla Kopi, er ein trygg, hengiven og sosial brun dvergpuddel med eit vennleg og leikent gemytt. Han er aktiv og glad i både andre hundar, barn og familien sin. Han elskar turar, leik og kos, og er ein sjarmerande og allsidig familiehund 🐾 Begge foreldra er sunne og friske hundar og er følgt opp med årlege helsekontrollar og vaksinasjon. Ein trygg start og gode heimarMe er ein familie som blir svært knytte til desse nydelege kvalpane, og me er derfor opptekne av at kvar enkelt kvalp skal få ein trygg og god heim der han eller ho får tid, omsorg og mykje kjærleik. Dersom du er interessert i ein av kvalpane, send oss gjerne ei melding og fortel litt om deg/dykk, kvifor de ønskjer hund, og kva de kan tilby ein kvalp. Me ønskjer å bli litt kjent med dei som vurderer å gi ein av kvalpane våre eit nytt heim 🐾 Ved leveringKvalpane kan tidlegast leverast når dei er 8 veker gamle, frå 25. september. Ved levering vil kvalpen ha:- Veterinærkontroll med helseattest- ID-merking med mikrochip- Første vaksine- Ormekur etter anbefalt program- Teppe med lukt frå mor og søsken- Bamse/leike- Fôrpakke med fôret kvalpen er vand med – ein del av valpepakken frå Musti Kvalpane blir selde med NKK sin *****savtale. ReservasjonKvalp kan reserverast mot eit depositum på 5 000 kr, som blir trekt frå *****summen ved overtaking. Reservasjonen er bindande når depositumet er innbetalt. Dersom *****ar trekkjer seg etter stadfesta reservasjon, blir depositumet ikkje refundert. Skulle kvalpen mot formodning ikkje kunne leverast frå vår side, blir innbetalt depositum sjølvsagt refundert. Ta kontakt om du har spørsmål😊
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!