Cane Corso hannhund – flott, kraftig og aktiv unghund søker erfaren eigar
Cane Corso hannhund – flott, kraftig og aktiv unghund søker erfaren eigar
Vi ser etter den rette nye heimen til vår flotte Cane Corso-hannhund på 1 år. Han er ein stor, flott og kraftig hund med mykje personlegdom. Han er sosial, kontaktsøkande og glad i menneska sine, og har mykje energi og arbeidslyst. Han er framleis ein unghund og har derfor behov for ein eigar som kan gi han tydelege rammer, trening, aktivitet og trygg leiing. Dette er ein hund som krev ein erfaren eigar som forstår store og sterke hundar. Vi ønskjer derfor ikkje å selje han til førstegangseigar. Han har mange gode eigenskapar, men vi ønskjer å vere opne om at han også har nokre utfordringar som den nye eigaren må vere førebudd på å jobbe vidare med. Han kan bli ivrig rundt andre hundar, og har noko utfordringar i passeringar av menneske, syklar og hund. Vi ønskjer derfor ein eigar som har erfaring med trening, grensesetting og åtferdsarbeid hos store hundar. Han vil passe best hos ein person eller familie som: - har god erfaring med store og sterke hundar- ønskjer å bruke tid på trening og vidare utvikling- kan gi han faste og tydelege rammer- har kapasitet til fysisk og mental aktivisering- forstår at Cane Corso er ein krevjande brukshund/molosser og ikkje berre ein stor familiehund- ønskjer å byggje ein trygg og god relasjon over tid Vi meiner at han har mykje å gå på. Han er framleis ung, og med rett eigar, gode rammer og systematisk trening vil han bli ein flott familiehund. Vi ser at familiesituasjonen vår no ikkje samsvarer med det hunden treng av oss. Vi ønskjer ikkje å selje han til første og beste. Det viktigaste for oss er at han kjem til ein heim som har kunnskap, tid og motivasjon til å gi han eit godt liv. Praktisk informasjon: Rase: Cane CorsoKjønn: HannhundAlder: 1 årKastrert: NeiVekt: ca. 45 kgStor og kraftig hannhundVaksinasjonsprogrammet er fulgt Vi fortel gjerne meir om han ved seriøs interesse, og vi ønskjer ein god samtale med aktuelle *****arar før eventuell avtale. Rett heim er viktigare enn raskt sal. Pris kan diskuterast.
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!