Border collie tispe vurderast solgt
Eg vurderar å ***** Molly, 5 år gammal. Ho er registrert i NKK, øyenlyst utan anmerkning, og røntga (hofter B og C, albuer fri). Har foreldre som gjetar og går rally-lydigheit . Molly er veldig glad i folk, (men ikkje småbarn), er lydig og elskar å lære nye ting, men ho likar ikkje andre hundar. Vi har ein hannhund som ho er sint på, slik at det er vanskelig å ha dei i same hus. Når vi treff andre hundar på tur, unngår ho dei sjølv, og vil berre reagere aggressivt om den andre kjem innpå ho. Ho har eit godt hundespråk og signaliserer at ho ønsker avstand. Ho er veldig aktiv ute men rolig innomhus. Ho aksepterer kattar og hestar og vi har trent litt gjeting og agility, ho elskar begge delar. Ho treng ein heim der ho får være åleinehund, gjerne som ligg landleg til.
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!