Blandingshund omplasserest
Grunna nyleg oppstått allergi mot hund ved eit av borna våre, ser vi oss desverre nøydde til å måtte omplassere vår kjære Wilma. 🐶 Om Wilma:- Født 06.05.24, kun 1,5 år gammal. - Ca. 21kg. - Ho er blandingshund mellom Beagle (25%), Jämthund (62,5%) og Elghund (12,5%). - Ho har fulgt alle vaksiner og er chippet. Sist vaksine i august 25. - Ho er ein kjærleg, trufast og energisk hund, veldig god familiehund. - Ho elskar turar, både korte og lange. Ho er også glad i å slappe av inne. - Ho er vandt med barn og er glad i alt av menneske. - Ho går godt overeins med andre hundar. - Ho er stueren og er vandt til å køyre bil (kan vere noko syting avogtil😅). - Ho kan fint vere heime åleine på dagtid og ho er vandt til å sove åleine på vaskerommet (utan bur) på natta. 🏡 Kva heim Wilma treng:- Wilma treng ein heim som har tid til ho og som likar å gå turar. 🎒 Kva som følgjer med Wilma:- Oppbevaringsboks til tørrfôr og 2 matskåler. - Børste, elektrisk kloslipar og elektrisk hårtrimmar til potane. - Hundeseng. - Hundebur. - Sele frå Baggen til hundeførar.- Flexi bånd. - Kjøleteppe. - Vaskinekort. - Shampoo og potesalve. Kun seriøse henvendelsar. Bli kjent-besøk før henting må gjennomførast. Kan vere mogleg å låne ho over ei helg for prøving. Ved fleire henvendingar tek eg meg retten til å velje fritt over kven som får kome å helse på, og kven som evt. som får ***** henne. Ved kontakt vil eg gjerne ha litt informasjon om deg/dykk.
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!