Bichon Havanais renraset og NKK reg
Kennel Fjellbisken i Valdres har ledige to nydelege bichon havanais kvalparTipsevalp: rødbrun sobel og hvitHannvalp: Mørk rødsobel og hvit Vi er medlem av Norsk Bichon Havanais Klubb (NBHK) og Norsk Kennel Klub (NKK), og følgjer alle gjeldande retningslinjer for avl. Vi står på NBHK si oppdrettarliste. Foreldredyra er helsesjekka etter anbefalingane frå NBHK og NKK, og har rasetypisk eksteriør, er trygge og gode med flott gemytt. Begge har fine kritikkar frå utstilling NO54092/20 (Jotunheimen Silkstar Alaska) og SE44903/2019 (Fortuna's Joy United Together) Kvalpane blir levert registrert i NKK med chip, vaksine og helseattestDei veks opp på stove og kjøkken, er mykje ute når veret tillet det, og får både bilturar og besøk på nye stader. Kvalpane blir bada og føna fleire gonger før dei flyttar, og får jamleg klo‑ og potehårsklipp. Vi legg stor vekt på god preging og eit solid grunnlag for valpen sin vidare utvikling.Vi er tilgjengelege for råd og rettleiing også etter levering.Vi forventar at hunden får både mental stimulering og fysisk aktivitet, og blir ein naturleg del av familien. Bichon havanais er ein liten 4 - 8 kg, robust, vennleg og leiken selskapshund med opphav frå Cuba. Den har silkemyk, bølgete pels, røytefri og allergivenleg og trivst best tett på familien. Rasen er sosial, lettlært og barnevenleg, og passar godt i dei fleste heimar. Ta kontakt og skriv litt om deg sjølv
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!