Australian Shepherd valper
Australian Shepherd valper
Livet klaskar til med ei lita utfordring av den fine sorten, då 5 nydelige valper vart født 19 februar. Det kan sjå ut som at det er eit mulig «Dual sire» kull. Dei er uansett velkomne hjå oss, men det innebære såklart litt endring i annonseringa vår. Sniken som har lurt seg borti er vår eigen Levi, som er av kjente linjer. Han og Alba er ein fin og planlagt match, men det skjedde dog tidligare enn planlagt. Det blir såklart tatt dna tester før levering for å stadfeste farskap. Bilder av de små kjem.. 🔸Alba🔸Arctic Love’s Dolly Parton. NKK reg: NO41539/21 •Sort tricolour•DNA fri, men mdr1 bærer. •HD A/A og AD 0/0• Øyelyst fri• Fullt tannsett og saksebitt•Nbt og rød bærer. •52cm og 23kg Alba er vår nr 1. Som familiehund er ho ett nydelig individ. Hengiven i flokken, og ynskjer å vere med oss 24/7. Kos står høgt på lista hennar. Moderat vokt. Ho passer på flokken, men vennleg, nysgjerrig og imøtekommande ovanfor mennesker. Ho er kursa i RL og Agility, og me driv med dette på hobbybasis. Ho er starta med rally på offentlige arrangement. Ellers viser ho stor interesse innen søk. Ho elsker å jobbe og har god kontakt med fører. Jobber mykje for veldig lite. Alba er utstilt med EX, CK, res.cert, samt nokre uoffisielle BIR og BIG. 🔹Mystic🔹Archie Mystic At Norstar Godzha Megobrebi NKK reg: UKU0634195Archi-MysticAtNorstarGodzhaMegobreb •Sort bicolor•Fri DNA•HD B/B og AD 0/0•Øyelyst fri • Saksebitt. Mangler 1x P2•Lang hale og rød bærer•54cm og 23kg Mystic er ein sosial og triveleg hannhund med eit moderat energinivå og ein super av-og-på-knapp. Han er enkel å ha med å gjere, alltid i godt humør, og ein svært positiv og lærevillig gut utan uvanar. Han er sparsomt utstilt. Men har eitt res.cert. 🔹 Levi🔹 Jærkysten’s Oberst.NKK reg: •Rød merle•DNA fri.•HD A/A | AD 0/0 | LTV0• Øyelyst fri • Fullt tannsett og saksebitt• Lang NBT• 57 cm og 26 kg Levi er ein veldig trivelig og sosial hund. Han er ein hund som har driv, og innehar det av fokus du vil ha når det kjem til trening. Levi går godt med de fleste mennesker, og dyr. Elsker barn! Veldig nysgjerrig hann som ikkje er redd for å stikke nasen sin inn i det ukjente. Levi er utstilt med BIR, og fleire BIM i valpekassen, samt ett cert som junior. Hos oss veks valpane opp etter ENS/Puppy Culture-programmet, eit internasjonalt anerkjent oppdretts- og sosialiseringsprogram som skal gje valpane best mogleg start på t. Kullet blir oppdrege i heimemiljø med barn, andre hundar og katt. Dei små vil få dagleg miljøtrening og bli vande med vanlege kvardagslydar og stimuli. Dei blir med på bilturar og små utflukter frå dei er rundt 4 veker gamle. Me legg stor vekt på trygg sosial utvikling og gode erfaringar i den viktige pregeperioden. Valpane er venta å bli moderat aktive hundar som kan passe godt både som familiehundar, turkameratar og til ulike former for hundesport og bruks. Alba sitt avkom har visst seg å vere ein allsidig gjeng, både som familiehunder og bruk i hobby. Valper hjå oss blir levert med:• Ormekur x4• Vaksine x1• Helsesjekk med attest• ID-chip• Øyelysing. • Innhaldsrik valpepakke• Livslang oppfølging og tilgang til kullside Me ønskjer kontakt med personar/familiar som har teke eit gjennomtenkt val og som er innstilte på eit liv med aktiv hund. Det er ein fordel om du har erfaring med, eller kjennskap til rasen. Men førsteprioritet er ein kjærlig og ansvarlig heim der hunden får sine grunnleggjande behov dekka. Pga avtalen med hannens eigar seljast ikkje valpane til avlsheim, med forbehold. Men me vil vere på jakt etter hjartevarme personar som kunne tenke seg eit samarbeid. Ynskjer du meir informasjon om oppdrettet vårt, foreldre og kull så er det berre til å ta kontakt. Ved seriøst interesse, ber eg dykk skrive ei utfyllande melding om deg/dykk, kva eigenskaper du verdsett hjå ein ny hund. Kennel Kysthyrden har eigne sider på Instagram og Facebook. Der ligg også link til hjemmesiden vår. Me held til i Stord kommune, vestland. Det er ein øykommune som ligg mellom Bergen og Haugesund. Det er mogleg å komme på besøk når valpene er blitt 3 veker 😊 Informasjon om rasen finner ein på Australian Shepherd klubb Norge: ****
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!