Fire år gamal Jack Russell hann
Asterix er ein glatthåra, sju åttandedels Jack Russell Terrier. Me *****te han i Bergen, kvar me òg bur, som kvalp hausten 2021, og han har vore med oss i tjukt og tynt sidan då. Asterix er sprek, lojal, energisk, og ikkje så verst lydig. Likevel har utviklinga i heimen, med små ungar og mindre fritid, gjort det til at me har måtta erkjenne at både han og me nok vil kunne ha det betre om han får seg ein ny familie.
Eg skal ikkje leggje fingrane mellom: Asterix er ingen enkel hund. Så klart, om du er på utkikk etter ein Jack, er ikkje nødvendigvis "enkel" på toppen av prioriteringslista. Eg har likevel lyst til å åtvare, fordi han har ein ganske djuptliggjande angst og nervøsitet som gjennomsyrar personlegdomen hans, og som me aldri har klart å lempe noko særleg på. Me er ganske sikre på at dette ikkje er miljøbe*****, fordi me har høyrt frå nokre av dei som *****te søskena hans i same kullet, at det fanst fleire liknande problem blant dei. Det største problemet som gjer at me ser oss nøydde til å selje han er at han ikkje går så godt i lang med små born, derfor vil me òg helst ikkje selje han til folk som har små born eller planlegg å få.
Om åtvaringa ikkje verkar alt for avskrekkande, så håpar eg at Asterix kan få trivast hjå nokon som har fritida og stabiliteten til å gje han ein enklare kvardag. Om det er deg, så høyrest eg veldig gjerne!
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!