4 år gammal Jack Russell
Asterix er ein glatthåra, sju åttandedels Jack Russell Terrier. Me *****te han i Bergen, kvar me òg bur, som kvalp hausten 2021, og han har vore med oss i tjukt og tynt sidan då. Asterix er sprek, lojal, energisk, og ikkje så verst lydig, god på innkalling. Likevel har utviklinga i heimen, med små ungar og mindre fritid, gjort det til at me har måtta erkjenne at både han og me nok vil kunne ha det betre om han får seg ein ny familie. Eg skal ikkje leggje fingrane mellom: Asterix er ikkje den enklaste hunden. Så klart, om du er på utkikk etter ein Jack, er ikkje nødvendigvis "enkel" på toppen av prioriteringslista. Eg har likevel lyst til å åtvare, fordi han har ein ganske djuptliggjande angst og nervøsitet som gjennomsyrar personlegdomen hans, og som me aldri har klart å lempe noko særleg på. Me har ikkje bil, så han er ikkje vand med bil (men buss går fint), han er redd for å vere åleine heime, og dårleg på passering. Eitt lyspunkt er at han ikkje er redd for fyrverkeri, og går godt i lag med hundar som han har fått tid til å verte kjend med. Han har budd med katt sidan han var kvalp, og tolererer dei, men gitt at han er ein terrier, så vil det ta tid før han kjem til å tolerere nye kattar. Det største problemet som gjer at me ser oss nøydde til å selje han er at han ikkje går så godt i lag med små born, derfor vil me òg helst ikkje selje han til folk som har små born eller planlegg å få. Asterix vart kastrert for eitt år sidan. Om åtvaringa ikkje verkar alt for avskrekkande, så håpar eg at Asterix kan få trivast hjå nokon som har fritida og stabiliteten til å gje han ein enklare kvardag. Om det er deg, så høyrest eg veldig gjerne!
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!