Molly søker nytt hjem
Det er med veldig tungt hjerte at eg har tatt avgjørelsen om å finne eit nytt og godt hjem til Molly. Molly er ei Staffordshire bullterrier tispe på 7 år og ca. 17 kg. Ho er kastrert og er ei utrolig kjærlig, kosete og sosial jente som elsker å være nær menneskene sine. Ho er leken, energisk og glad i både turar, aktiviteter og spesielt kos på sofaen. ❤️ Grunnen til at eg ønsker å omplassere Molly er først og fremst at eg må vere ærlig med meg sjølv om at tida og kapasiteten min ikkje lenger strekker til slik eg skulle ønske. Molly fortjener ein eigar som har meir tid og overskudd til å gi henne den aktiviteten, stimulien, oppfølginga og nærheita ho trenger. Som alle hundar har Molly også sine sider som kan vere utfordrande. Ho kan blant anna vere sterk i bånd og trekke på tur, og ho går ikkje alltid like godt saman med andre hundar av same kjønn. Derfor ser eg helst at ho kjem til eit hjem uten andre tisper. Dette er noko ein ny eigar må vere innstilt på og ta hensyn til. Ho har samtidig masse personlighet og er ei fantastisk, kjærlig og lojal jente som har utrolig mykje kjærlighet å gi. Ho elsker kos, nærhet og å få vere ein del av familien. 🥰 Det viktigaste for meg er at Molly får eit trygt og stabilt hjem der ho kan få den tida og oppmerksomheita ho fortjener. Eg har derfor ingen hast med å finne nytt hjem – det viktigaste er at det blir riktig for Molly. Eg ønsker gjerne å komme i kontakt med ein person/familie som kan fortelle litt om seg sjølv, kvardagen sin og kva slags liv Molly vil få hos dei. Eg vil også vere heilt open om både hennar gode sider og dei *****ne ein bør vere førebudd på. Dette er ein veldig vanskelig avgjørelse å ta, og eg ønsker derfor at kun seriøse og gjennomtenkte henvendelser tas imot. ❤️ Molly fortjener eit hjem der ho får vere trygg, elska og ein viktig del av familien.
Du vil motta en e-post når nye kjæledyr ankommer – helt gratis!